Bleikt og sentimentalt

Once
Regi: John Carney
Once
 

Once er ein særs sentimental film. Historia om den ulukkelege visesangaren og den hardtarbeidande aust-europeiske småbarnsmora er berre interessant gjennom formen regissør Carney gir verket sitt.

 

Den musikalske indiefilmen (eller skal ein seie indiemusikal?) har fått mykje ros på vegen til Noreg, og har blant anna hausta publikumsprisen på Sundance-festivalen. Det er, om ikkje uforståelege, så irriterande. For Once sitt publikumsfrieri er noko av det som svekkar filmen. Det får vere måter på kor mykje kamera skal fakke middelmådige skodespelarars augeblunking.

 

I utgangspunktet startar filmen sterkt. Det handhaldte kameraet i Dublins gater, og ein kassegitarversjon av Van Morrisons The Healing Has Begun er rivande og godt. Det første kvarteret gir ein tru på at dette kan vere ein film som tek opp i seg spørsmål om fattigdom og nød i sjølvaste Vest-Europa. Men alt dette viser seg berre å vere staffasje. Alt blir gløymt til fordel for kjærleik, kjærleik, og musikk med blått tablå. Ein slik tematikk blir ikkje interessant berre fordi filmen er billeg i forma og skodespelarane ukjende. Innhaldet må vere til stade, og det er det ikkje her.

 

Eit anna ankepunkt er musikken. I ein film som er så drive av lydsporet, må ein kunne ønskje noko meir eller noko anna enn bleik Coldplay-kopi. Nei, Coldplay er eit godt band, ein kan heller skrive bleik Keane-kopi. Og tekstane i songane er skremmande dårlege: Kor originalt og poetisk er billedbruken av ein båt på havet som driv aleine og treng ei hamn?

 

Når skodespelarane i tillegg leverar på sjarme og musikkframføring, men lite av det som kan kallast skodespel, så dett Once gjennom. Det blir for sentimentalt, det blir for selvfølgeleg, og det blir så forutsigbart at ein kjem i fare for å sovne i kinosalen.

 

2 av 6


Den apatowske sfære

Judd Apatow har  relansert heile den amerikanske komediesjangeren på berre nokre få år. Han har greidd å heve den mannlege pubertal-humoren opp på eit høgare nivå enn vi er vant med. Og han har makta å lansere romantiske komediar for menn. Det imponerande ved det heile er at Apatow har kombinert desse to, og han gjer det betre og betre for kvar film.


Apatow opererar nærast i eit kollektiv, eller som ein sjef for eit kollektiv. Det trillar filmar ut frå ermet på han, enten som produsent, regissør, eller manusforfattar. Alt er ikkje like vellukka, og ein kan spørje seg om toppen er nådd med Forgetting Sarah Marshall. Men det gjer ikkje så mykje, desse filmane handlar ikkje om å vere meisterverk. Dei handlar om gi sjåaren noko som har vore sårt tiltrengt ei god stund no.

Formelen til Apatow og kompani er enkel: Tør å møte ditt publikum. Det er spesielt tre faktorar som gjer dette tydeleg: 1. La språket i filmane vere uhøvla og direkte, til tider improvisert. 2. La dei underliggande sexspøkane få fritt spelerom. 3. La hasjen og det ærlege usympatiske ved gutane kome fram i lyset.

Alt dette gjer at aldersgrensa går opp, spesielt i USA, og det blir igjen ein risiko for filmen sin popularitet. Men Apatow sine filmar visar at ved nettopp å velje bort familieunderhaldningspuritanismen så blir ein frigjort frå det klamme grepet den amerikanske komedien altfor lenge har blitt halde fast i.



40 Year Old Virgin

Regi: Judd Apatow

40yearoldvirgin


Apatow sitt gjennombrot er over gjennomsnittet. Men så mykje meir er ikkje 40 Year Old Virgin. Det interessante ved filmen er at det som skal bli regissøren sitt kjenneteikn allereie her blir prøvd ut. Ein blir introdusert for ein hovudperson som slit med kjærleikslivet, og ein blir introdusert for gjengen rundt han. Dette skodespelarensemblet kan ha nokre utskiftningar frå film til film, men i hovudsak så går dei fleste igjen. I 40 Year Old Virgin fungerar dei godt kvar for seg, utan at samspelet utmerkar seg.

Svakleiken til filmen er at det ikkje er dei apatowske grepa som gjer filmen morosam. Nei, dette er Steve Carrel sin film. Han har ein timing og ein improvisasjon som løftar filmen til noko meir enn han i utgongspunktet er. Spesielt scena med voksing av brystkassa til Carrel er ustyrteleg morosam.


4
av 6



Knocked Up

Regi: Judd Apatow


knocked up


Knocked Up er det første vellukka steget i rett retning. Her er det ingen stjerne som spelar hovudrolla, Apatow har tørt å satse på ein av sine eigne. Og Seth Rogen gjer ein godkjent innsats. Ensemblet rundt han har også blitt utvida, og nokre av dei skal seinare få sjansen til å blomstre i andre filmar. Spesielt Jason Segel får vist seg fram, han stel alle scenene han er med i.

Svakleiken til Knocked Up er at hovudpersonen og vennane hans blir noko uinteressante i all hasjrøyken og deira apati for verda omkring. Det blir tidvis noko Cheech og Chong aktig over dei. Rogen sin karakter blir da flat, både som karakteren og skodespelaren.

Men styrka her er kvinnerolla, der Katherine Heigl overraskar, og den dybda karakterane tidvis viser fram. For under alt det komiske greier Apatow å få fram noko av det såre ved menneska i denne filmen. Så kan ein spørje seg radikal filmen eigentleg er i si søking etter tryggleik og ansvar innanfor kjernefamilien.


4
av 6



Forgetting Sarah Marshall

Regi: Nicholas Stoller


forgettingsarahmarshall

Apatow er "berre" produsent til Forgetting Sarah Marshall, men fingeravtrykka hans er allereie umiskjennelege. Denne gongen er det Jason Segel som styrar skuta som hovudperson, og han gjer det på ein utmerka måte. Han stel ikkje scenene, men greier samtidig å ha ein tilnærma perfekt timing. Dette er lettbeint humor utan noko djupare meining enn å underhalde. Men så og seie alt fungerar.

Ein kan sjølvsagt spørje seg om Apatow og kompani igjen er noko vel konservative. Spesielt kjem dette fram da hovudpersonen ikkje greier å ha sex med gamlekjærasten: Det er ikkje vettet eller moralen som seier stopp, men pikken hans. Kanskje eit godt bilde på guten: Pumpande blod i lemmet er meir avgjerande enn hjernecellar i skallen. Men sitatet er strålande: "Maybe my cock doesn?t want to fuck you because you broke my heart in a million pieces!"  Herregud, det er jo strålande humor!


av 6


Rustfri og radikal

Iron Man

Regi: Jon Favreau

 

ironman

 

Iron Man er ein gammal propagandahelt frå teikneserieverda. No er han skrudd saman på nytt, og produktet må seiast å vere ganske så imponerande.

 

Våpenindustrimagnaten Tony Stark blir tatt til fange av Afghanske geriljasoldatar, og endar opp med å transformere seg til ein superhelt. Historia i filmen opnar i eit vilt tempo, og flyttar seg mellom USA sin vestkyst og ørkenen i Afghanistan. Men kvar er den mektigaste fienden? Heime i eins eigen bakgård eller på andre sida av havet?

 

Det er litt av eit lag som står bak Iron Man. Regissør Jon Favreau har ikkje vist seg noko særleg fram frå før, men her står han fram med eit botnsolid arbeid. Filmen sit som eit skot, både spesialeffektar og manus held stand heilt inn. Som filmkritikar Pete Travers presist skriv: "There's no rust on this baby."

 

Sjakktrekket til Favreau og Marvel er at dei har hyra inn ein kommersielt fallert, men akk så god skodespelar: Vår alles sære og merkverdige Robert Downey jr. Han greier å tilføre både humor og nokre te-skjear sjel til hovudkarakteren. Dessverre lid han under at motspelaren, Gwyneth Paltrow, har fått ei usedvanleg dårleg rolle. Kvinna i filmen verkar fanga i ein patriarkalsk struktur, utan dette blir problematisert på nokon måte. Det gir Paltrow små utfordringar, og tek mykje av gnisten ut av dei rolege scenene.

 

Men da er det meir tenning mellom Jeff Bridges og Downey jr. Bridges er eit spennande val som skurk, og han har da også ei framtoning som fungerar overraskande godt. Med alt håret raka av og ein pondus av dei sjeldne, greier skodespelaren å framstå som både skummel og mektig utan å tendere mot den sedvanlige galskapen.

 

Tematisk er Iron Man dristig: Filmen er uventa radikal til Hollywood å vere. Den verkelege skurken i filmen er våpenindustrien, og opningsscenarioet med drepne amerikanske soldatar i Afghanistan er meir vågalt enn mykje av det dei meir seriøse filmane dristar seg til. Sjølvsagt kan ein le av helten som flyr til Midtausten for å personleg rydde opp. Men alt i alt så må ein ta seg av hatten for action som er både aktuell og radikal for sitt klima.

 

Til slutt eit lite hjartesukk frå denne kritikaren: Iron Man opplevdes som noko over kanten. Heile konseptet er jo ganske så vilt. Men kanskje det er kritikaren som begynner å bli gammal.

 

4 av 6


Dumt og kjedeleg

After the Sunset

Regi: Brett Ratner


 afterthesunset

 

Brett Ratner er ingen meisterhjerne. På sitt beste agerar han som Richard Donner sin talentlause veslebror, på sitt verste, som i After the Sunset, er han både kjedeleg og slitsam.

 

Historia er relativt original: Ho startar der andre sluttar, med Pierce Brosnan og Salma Hayek sine figurar som gjer sitt siste store kupp. Dei greier å lure den dumme politiagenten Woody Harrelson, og pensjonerar seg på ei stille sydhavsøy. Men der veks det fram nye intriger. Eller nye og nye. Det meste er sett før, og det var ikkje så bra da heller.

 

After the Sunset sitt store problem er at han prøver å vere morosam. Det blir filmen aldri. Spenningen er heller ikkje tilstade, og både Hayek og Harrelson er stive som pappkartongar i filmen. Det gjer at mykje kviler på Brosnan sine skuldrer. Men han er ingen stor komikar. Nei, skal Brosnan vere komisk så er han avhengig av å kontrastere enten mot rollar han sjølv har spelt eller mot eit plott som peikar i andre retningar (The Matador er eit vellukka eksempel på dette).

 

Brett Ratner sitt prosjekt strandar lenge før han kjem til den eksotiske øya. At filmen i Noreg pakkast inn som ein thriller seier alt om kor mislukka dette verket er.

 

2 av 6


Inn i mennesket, og ut igjen

Into the Wild

Regi: Sean Penn

 

intothewild

 

Into the Wild fortel historia om Christopher J. McCandless, ein ung gut frå USA som på starten av nitti-talet braut vekk frå familien og utdanninga si. McCandless drog seg vekk frå samfunnet, og inn i naturen. Into the Wild følgjer ferda hans fram til ho ender i villmarka i Alaska.

 

Sean Penn har hatt eit sterkt engasjement for dette prosjektet. Han brukte ti år på å overtale mor og far til McCandless for å få tillating til ei filmatisering. Penn si sterke emosjonelle tilknyting til historia ligg som eit tjukt lag på filmen. Tidvis er det ei styrke, tidvis er det ein svakleik.

 

Into the Wild er ei vakker historie i forma. Foto er tidvis blendande vakkert, balanserande på kanten til klisjeane i sine naturmotiv. Penn si vektlegging på hurtige sekvensar, med ei tydeleg tilstedeverande kameraføring gir mykje liv til ei historie som raskt kunne blitt statisk. Men Penn frigjer da også karakterane i filmen, slik at det ikkje lenger er McCandless og dei omkring han som nødvendigvis er drivkrafta, men omgivnadane. Det er som om fjella, horisonten, havet, togskinnene, kornengene og bygatane driv handlinga framover.

 

Samtidig er det dette som hemmar Into the Wild. Filmen greier aldri å gi eit truverdig bilde av hovudkarakteren sin, McCandless. Han blir nærast ein karikatur som vandrar omkring og gapar av seg litterære utsegn som er altfor store til den unge kroppen. Spesielt synleg blir denne naiviteten når McCandless aldri sjekkar om det faktisk går ei bru over elva som sperrar han inne i det som skal bli dødsriket hans. Dette fåkunne ovanfor naturen får ein til å riste på hovudet.

 

Det verker som Penn innser dette i filmens finale. Her framstiller han kollisjonen mellom den romantiske naiviteten og verda si harde røynd. Men akkurat her, i den siste scena som fangar inn hovudpersonen, så tyr Penn igjen til ein pompøs litterær stil som blir flat. Penn gjer det for lett for seg sjølv, og dermed gjer han det for lett for tilskodaren. Hovudkarakteren i filmen blir ikkje til å tru på, eller enda verre: Han blir uinteressant.

 

Det er synd, for Into the Wild har sider ved seg som både er interessante og gode. Penn meistrar samansyinga av fortid og notid i filmen, og lanseringa av fleire forteljarstemmer. Scenane frå Los Angeles er også sterke, der hovudkarakteren snublar omkring i sivilisasjonen som eit skadeskote dyr. Nokre av bi-karakterane er også særs gode, da spesielt Vince Vaughn. Han er den einaste i filmen som ikkje lirer av seg noko som kunne vere tatt ut av ei Cohelo-bok.

 

For å halde tak i scena frå Los Angeles, som representerar eit psykologisk vendepunkt i filmen, så representerar denne korte sekvensen noko av det mest problematiske med Penn sitt prosjekt. I det han skildrar McCandless si flukt frå byen og ut i øydemarka igjen, så ignorerast alle dei andre skjebnane som er att der inne i fattigdommen sin. Det er eit paradoks at McCandless heile tida har desse moglegheitene til å reise vekk, til å komme seg vekk. Kanskje har det noko å gjere med at han kjem frå øvre middelklasse, med sterk økonomisk bakgrunn. Det sett han i eit annleis lys, og det gjer at både byscena, men også alle trådane tilbake til barndommen og oppveksten med familien, peiker på ein psykologisering av motiva hans. Den overordna ramma som filmen startar med, som gjer filmen interessant; flukta frå eit moderne samfunn som et seg sjølv og sine, denne ramma blir bytta ut med ei skildring av ein liten gut som innerst inne berre vil vere i eit fellesskap der alle er gode mot kvarandre. Kor naivt er ikkje det?

 

Det er her Into the Wild snublar. Filmen er på full veg inn i mennesket, men farta er så stor at han endar opp på utsida igjen.

 

3 av 6


Ein openbaring

There Will Be Blood

Regi: Paul Thomas Andersson


therewillbeblood

Det går ein straum prega av avmakt, knuste illusjonar og forakt gjennom Hollywood for tida. Ein må tilbake til slutten av 70-talet for å finne noko liknande frå den amerikanske vestkysten. Da nådde Nixon sine herjingar heilt inn til underhaldningsindustrien sitt tempel. I dag ser det ut til at Irak-krigen og Bush-administrasjonen, avdekkinga av korrupsjonsskandalar og amerikanske gutar i kister sendt frå andre sida av havet, verker inn på filmane frå Hollywood. Det er vanskeleg å forstå kunstnarlege triumfar som No Country For Old Men og There Will Be Blood utan å ta med dette bakteppet.

 

Guri Kulås, Klassekampen sin eminente filmkritikar, trekk fram eit aspekt i denne trenden som gjer seg gjeldane i dei to nemnte filmane. Ho skriv om korleis den klassiske helten frå westernfilmane no er i oppløysing: "(...) westernsjangeren dyrkar (...) den maskuline erobraren. Mannen som gjennom handling set gjennom sin moral og si lov. Men i dei western(inspirerte)filmane frå 2007 er ikkje dei som tek seg til rettes heltar. Desse "handlingas menn" er snarare eit trugsmål. Ikkje berre mot andre, men mot sjølve samfunnet og humaniteten." Heltane har altså endra seg frå å vere ein redningsmann til å bli eit vonde i den verda dei opererar i. Ja kanskje verre, for som Kulås skriv: "Individualisten og erobraren finst enno, men han har ikkje noko positivt å tilby."

 

I denne trenden har Hollywood på mange måtar reist seg som ein leverandør av dei store filmane. Men da må ein endre på omgrepet "store filmar". Det grandiose er der framleis, men det er ikkje lovnadane om ei ny verd eller om menneskeslekta sin godskap som står i sentrum. Det nye svarte holet filmane spinn seg omkring no er all øydelegginga, alt det destruktive i ei slekt alle trudde hadde nådd toppen av utviklingskurva.

 

Og fram frå denne dævelskapen kjem det filmar mange hadde slutta å tru skulle komme frå dei Nord-amerikanske slettene.

 

At det nett skulle bli Paul Thomas Andersson som skulle slå til med eit meisterverk, er noko overraskande. Han har vore ein ambisiøs herremann frå starten av, ein regissør som har skilt seg ut både ved form og innhald, og ved evnene til å overtale produsentar og filmselskap til å bli med på turen. Før har Andersson sine filmar vore ujamne. There Will Be Blood er stringent og fullendt.

 

Filmen snurrar seg rundt oljemagnaten Daniel Plainview og hans kamp mot alt og alle. Det er ei historie om ambisjonar, draumar, skjebnekamp og fortaping. Det verker noko overvektig, men slik Andersson skildrar den siste temminga av det nordamerikanske kontinentet, blir det hårreisande sterk.

 

For filmen handlar essensielt om framveksten av det moderne USA. Her er ikkje menneske lenger eventyrlystne eller uskuldsreine. Dei er fattige og underkasta, rike og skruppellause. Dei drep og stel, og løgna har for lengst blitt viktigare enn det det å halde ord. Det får ein til å tenke på overgangen mellom Homers Illiaden og Odyseen: Karakterane er ikkje lenger heltar, dei er meir "overlevarar", dei tilpassar seg og vinn fram. Det einaste som står att urørt i det goldne landskapet Andersson skildrar, er det som er under jorda. Men også det blir røska opp. Og det som kjem fram, er svart som natta.

 

Daniel Day-Lewis si rolletolking er monstrøs. Han greier å bere eit heilt menneske i skodespelet sitt, frå det såre til det grusamme. Det er opprivande å sjå skiftinga i han, korleis Plainview heile tida vekslar, til han til slutt gir seg over. I scena kor han går frå toget der guten hans sit, er både skodespelar og regissør særs subtil i framstillinga av karakteren sine kjensler.

 

Også Paul Dano fortener ros for rolla si som den nyreligiøse og unge presten Eli Sunday (namna er på grensa til det overtydelege). Han tonar ned karakteren sin, og får slik betre fram kjenslene som ligg og trykker under overflata. Det kan ikkje vere lett å stå ved sida av Day-Lewis, verken på settet eller på lerretet, men Dano står på sitt, og verker merkeleg ukueleg.

 

Konflikten mellom Plainview og Sundag er ein tematisk tråd som held seg gjennom heile filmen, heilt inn til den grusamme finalen. Kampen mellom desse personane og deira livssyn, blir skildrande for ei hard, verdsleg kapitalmakt på eine sida, opp i mot ein konservativ, kristen lekrøyrsle på andre sida. Når Plainview stig opp frå grunnen i starten av filmen, og endar opp i villaen sin i slutten, er han framleis nærast krypande på alle fire. Og slutten av filmen endar som starten, nede under jorda. Her kjem monstra fram, både Sunday og Plainview står ribba att, utan anna enn evna til å overleve i ei verd dei sjølv har vore med på å skape. Og når Plainview til slutt ropar "I am the third revelation!", da er alt håp ute. Kapitalen, det menneskeskapte, det syndige mennesket i kjøt og blod, har erobra alt, det er ingenting tilbake.

 

There Will Be Blood slår underteikna som ein smeltedigel mellom klassisk filmkunst frå 70-talet, og moderne nybrotstenking. Andersson vekslar effektivt mellom nærbilde og avstandstagning, og han brukar kameraet på ein måte som kanskje kan gjeninnføre meir episke scener i samtidsfilmen. Trolldommen til Andersson, og dette skal ein ikkje fnyse av, er at han greier å foreine det djupt kunstnarlege med den meir kommersielle straumen som renn gjennom Hollywood. Der ein Scorcese verker opphengt i vald, hurtigklipping og teatralske figurar, står Andersson fram som ein regissør som både tør og maktar å male på eit stort lerret både med kamera og undertekst.

 

Skal du berre sjå ein film i ditt liv, kan du godt halde deg til There Will Be Blood. Det gir deg kanskje ikkje noko særleg tru på mennesket, men det gir deg tru på kunsten og på filmmediet.

 

6 av 6


Kollisjonane, smerta og alt det fortapte

Before The Devil Knows You`re Dead

Regi: Sidney Lumet

 

beforethedevil2

 

Sidney Lumet er ein veteran i regissørstolen, og med Before The Devil Knows You're Dead har han kanskje levert ein av sine aller beste filmar. Dette er ein tragedie av episk format, satt til notid. Det er forteljinga om to brør som på kvar sin kant har kome i økonomisk knipe. Vegen ut av uføret blir å rane juvelforretninga til mora og faren.

 

Det høyres trivielt ut, og det verker i første augekast som noko sedat. Men Lumet presenterar eit større bilde enn kva denne sjangeren til vanleg diskar opp med. Filmen legg vekt på den mellommenneskelege dramatikken framfor den ytre handlinga. Slik får karakterane vekse seg fram, medan skodespelarane får briljere i faget. Albert Finney er rutinert, og Marisa Tomei overraskar med eit gledeleg comeback. Men det er Philip Seymour Hoffman og Ethan Hawke som har dei berande rollane.

 

Det er ei stund sidan Hawke gjekk frå å vere poster-gut, til å bli ein seriøs skodespelar. Han har heile tida hatt ei tyngde i rollevala sine, og har prestasjonar som skil han ut frå dei fleste andre. Denne gongen spelar han nevrotisk og deprimert på ein utagerande måte, samtidig som han greier å få fram det såre i karakteren sin. Det er godt skodespel, Hawke fortener all den ros han kan få.

 

Men han er dømt til å hamne litt i skuggen i denne filmen. For Seymour Hoffman leverar kanskje si beste rolle. I motsetning til ein takknemleg karikert figur som Truman Capote, må Hoffman her spele på eit register han ikkje har til vane å få fram. Han er ein meister på fakter og utagerande kroppsbruk. Men i Before The Devil Knows You're Dead roar han alt dette ned, han strippar rolla for fiksfakseri. Og tilbake sit små nyansar, og valdsame utbrot.

 

Hoffman er ein skodespelar som nærmar seg omgrepet genial, og ein kan legge merke til at alle kritikarar har begynt å kappast om å kalle han for sin favoritt. Ein kan beundre presisjonen og kontrollen han har i dei mest intense utbrota, det er på høgde med ein eldre Daniel Day Lewis. Men det er, som sagt, i dei små detaljane Hoffman veks i denne filmen, korleis han nærast teatralsk stel alle scenene der dei hundre kiloa hans buldrar eller smyg seg fram.

 

Svakleiken til Before The Devil Knows You're Dead ligg i den siste halvdelen. Her må regissør gi plass til den enda filmen heile tida har bært bod om. Da forsvinn ettertanken til fordel for rein dramatikk. Framleis held det heile seg langt over gjennomsnittet, men samanlikna med den første halvdelen, som er noko av det beste samtidsfilm kan by på, så held det ikkje mål.

 

Men kollisjonane, smerta, og alt det fortapte: Det er rein og skjær hjarteknusande kunst. Opninga av filmen set terskelen så høgt, og fangar inn tilskodaren på ein så god måte, at Before The Devil Knows You're Dead vil tronar høgt blant fjorårets beste filmar.

 

5 av 6

Eit øydelagt amerikansk landskap

No Country For Old Men

Regi: Ethan og Joel Cohen

 

nocountryforoldmen

 

Her er årets store Oscar-favoritt: Cohen-brødrene sin tilbakevending til det stille, valdsame landskapet dei skapte med Fargo. No Country For Old Men fortel historia om Moss Llewelyn som finn ein haug med lik og ein koffert med pengar. Han plukkar opp kofferten, og blir jaga av både sheriff Bell og leiemordaren Chigurh.

 

Historia er i utgangspunktet ikkje original, men Cormac McCarthy si bok har så mange uventa vendingar og så gode forteljarstemmar, at filmatiseringa har blitt ein fryd. I dette tilfellet må ein kunne seie at filmen er betre enn boka, da Cohen-brødrene greier å føye til ein svart humor som ikkje var synleg i bokform. Det løftar det heile.

 

Cohen-brødrene sin produksjon er særs ujamn; form sloss ofte med innhald. Med No Country For Old Men har dei treft blink. Sheriff Bell si forteljarstemme blir akkompagnert av eit audsleg landskap, Moss si desperate flukt er ramma inn i ei uvennleg verd, og Chigurh sine døydelege handlingar går i eitt med den kjølege jobben kameraet gjer. Det er sjeldan ein ser noko så gjennomarbeid som dette. Filmen mistar ikkje taket ein einaste gong. Den einaste forstyrringa blir Woody Harrelson sin karakter, han er stiv og blir teikna for humoristisk til at ein verkeleg trur på han. Her burde castinga eller skodespelarinstruksjonen vore annleis.

 

Tommy Lee Jones og Javier Bardem gjer begge eit godt stykke arbeid. Lee Jones blir betre og betre med alderen, trass for at rollane hans blir meir og meir lik. Ingen kan stire til sida for kamera på den måten Lee Jones gjer. Bardem, på andre sida, har rolleval som sprikar i alle retningar. Den skremmande galskapen i Chigurh sin logikk, blir løfta fram av uventa smil og kjølige blikk. Kroppspråket til Bardem er også ein studie verd, han nærast vraltar av garde som ein zombie.

 

Ein må også nemne Josh Brolin, for No Country For Old Men er ein skodespelars film. Her er alle karakterane som amerikansk kultur elskar å fortelje om. Brolin er på veg mot stjernehimmelen, og dette er hans absolutte gjennombrot. Han held tilbake gjennom heile filmen, og forsvinn ut med sitt første smil.

 

Men filmen si største styrke er alvoret og desperasjonen som ligg under heile historia. Dei tre hovudkarakterane sine univers blir sjeldan kryssa, og slik er dei sentrale skodespelarane separert frå kvarandre heile filmen gjennom. Moss er den vesle mannen som prøvar lukka, amerikanaren som får ein sjanse til å klatre til topps. Sjølvsagt er det ingen sjanse, men eit botnlaust djup han ramlar over. Chigurh er det nye mennesket, ein slags Leviathan som har vekse fram i ei nihilistisk verd der alle verdiane kan bli knust. Medan sheriff Bell er den siste voktaren, mannen som skal overlevere verda til generasjonane som kjem.

 

Alt brakar saman i filmen sin slutt, som er ein sterk kunstnarleg triumf. Ein kan spørje seg om Chigurh verkeleg blir vippa av pinnen inne i trailervogna. Og ein kan spørje seg om sheriff Bell finn håp i det siste. Slike spørsmål blir ståande. Det er filmens klare styrke, og greier slik å forsvare det valdelege og nærast uforståelege universet ein har vore gjennom.

 

5 av 6

 

 


Underhaldningsindustrien rir igjen

3:10 To Yuma

Regi: James Mangold

 

310toyumastortbilde

 

3:10 To Yuma er historia om ein fattig bonde (Christian Bale) som blir drive ut i naud, og som ikkje ser andre alternativ enn å vere med og frakte ein livsfarleg banditt (Russel Crowe) fram til fengselet. Det er ei god historie, og filmen greier å bygge ut mange sidesprang som aldri sporar av. Skodespelarensemblet er også av høgste klasse, på papiret. Det er i det heile tatt noko botnsolid over denne produksjonen, og det er filmen si klare styrke.

 

James Mangold (Girl Interrupted, Walk the Line) lagar ikkje dårlege filmar. Til det har han for god kontroll på den magiske Hollywood-formelen. 3:10 To Yuma er slik alle filmane til Mangold er: Fargane er gode og varme, det eksperimentelle er fråverande til fordel for ei forståeleg ramme omkring det heile. Tempoet er aldri for høgt, aldri for lågt. Og skodespelarane har aldri ein dårleg dag på jobben.

 

Men ankepunktet mot Mangold har heile tida vore at filmane hans blir for tamme. Dei prøvar heile tida å strekke seg mot noko meir enn det dei er. 3:10 To Yuma er eit godt eksempel på at Mangold ikkje har kvalitetar utover det å underhalde. Den alvorlege tonen i filmen blir sjeldan noko meir enn ei kulisse for actionsekvensane, og den underliggande tematikken blir nærast parodisk når han kjem opp til overflata. Dilemmaet til Bale og Crowe sin figur blir aldri bygd ut på ein tilfredsstillande måte, til det er banditten for lite truverdig og bonden for uinteressant.

 

Eit av problema er at det tematiske i filmen aldri blir godt nok lansert. På eine sida så handlar det om valdsmonopol og moderniseringa av ein stat, skildra gjennom bonden sine prinsipp og jernbana og toget som kjem rullande. På den andre sida handlar det om å gjere rett, om å vere god.

 

Framveksten av ein moderne stat har heile tida vore westernsjangeren sitt mest djuppløyande tema. Det har blitt fortalt før. Her greier ikkje Mangold anna enn å pirke borti temaet. Den andre tematiske tråden, er eit typisk individ fokus frå Hollywood. Det er sjeldan det blir interessant, og Mangold bryt ikkje den trenden.

 

3:10 To Yuma er tidvis spennande, tidvis underhaldande. Men mest frustrerande. For her er mykje uutnytta potensiale. Den det går verst utover, er Russel Crowe. Han har ei utstråling som er sjeldan, men karakteren hans er parodisk, og likeeins skodespelet. Bale gjer ein sterkare innsats, og får meir ut av ei rolle som Mangold aldri utfordrar nok. Og slutten er rett og slett dårleg. Den gir ikkje meining på noko vis, det er som om alle trådane regissør og manusforfattar har kasta ut, blir kutta av. Kva i alle dagar betyr Crowe sine handlingar på slutten? Ei slags reinsing?

 

Westernsjangeren har aldri vore død, og han er ikkje tilbake. 3:10 To Yuma vitnar om ein sjanger som krev kunstnarar, ikkje underhaldningsartistar.

 

3 av 6


Oscar 2008


Kven vinn prisane som heng gjevast på kommande Oscar-utdeling? Her kjem kvalifisert gjetting på kven som går heim med statuetten, saman med ei vurdering over kven som burde fått han.


oscar

 

Oscar-prisen heng høgt. Dei som tviler på det, kan finne fram opptaket av kor glad Martin Scorcese var da han endeleg fekk prisen for beste film og regi i fjor (for The Departed, noko som var fullstendig feil og altfor seint). Dei som tviler på om Oscar handlar om kvalitet, kan ta ein kikk på nominasjonane i år, og vitne korleis både Coen-brødrane igjen blir trekke fram i det etablerte rampelys. Eller ein kan tenkje på at både Philip Seymour Hoffman og Hillary Swank vart æra for utfordrande rollar i heller små filmar. Og dei som er bekymra for det forutsigbare: I år er Juno nominert for beste film. Kor mange tippa det? Eller kor mange tippa at Shakespeare in Love (katastrofalt) skulle vinne framfor Saving Private Ryan og meisterverket The Thin Red Line?

Nei, Oscar-utdelinga er viktig og artig. Men det som er mest ærefullt for ein filmnerd, er nominasjonane. Her er mine tips til kven som vinn, og til kven som burde ha vunne, i dei viktigaste kategoriane.

 

Best picture

Atonement
Juno
Michael Clayton
No Country for Old Men
There Will Be Blood

 

Kven vinn?

I år star det mellom tre filmar: No Country, There Will Be Blood, og Antonement. Eg held ein knapp på No Country, da den har fått mest ros i USA. TWBB speler på mange av dei same strengane som No Country, så det er vanskeleg å heilt avgjere. Sannsynlegvis blir No Country vinnaren, da han overraskande tapte i Cannes (heilt fortent til fordel for 4 måneder, 3 uker og 2 dager). Antonement trur eg blir ofra da filmen er britisk, og i tillegg så har han fått for få nominasjonar elles.

 

Kven burde vinne?

The Assasination of Jesse James by the Coward Robert Ford er skammeleg utelata her. Om den ikkje burde vinne, så burde han absolutt ha vorte nominert, gjerne framfor Michael Clayton. Nei, det er ikkje så mykje å seie på at No Country vinn. Men det er skuffande forutsigbart.

 

Kven er me glad ikkje er med?

3:10 to Yuma: Herregud, endeleg har akademiet valt bort det mest amerikanske sølet. Og me takker for at American Gangster ikkje har fått noko ære utover besøkstal.

 

Best director

Julian Schnabel, The Diving Bell and the Butterfly
Jason Reitman, Juno
Tony Gilroy, Michael Clayton
Joel Coen and Ethan Coen, No Country for Old Men
Paul Thomas Anderson, There Will Be Blood

 

Kven vinn?

Tett løp også her. Det står mellom Coen og Anderson. I år er denne prisen ikkje lett å tippe. Men den som vinn for beste film, vinn også for beste regi. Så eg tipper på Coen-brødrane. Anderson får prisen seinare, eller det trur akademiet.

 

Kven burde vinne?

Andrew Dominik. Det er ikkje tvil, han burde verkeleg fått denne prisen for det han har gjort med Jesse James-filmen. Det burde også vore rom for å ha nominert Paul Greengrass for den tredje Bourne-filmen, men på den andre sida, han vinn neste år for beste dokumentar.

 

Kven er me glad for ikkje er med?

James Mangold ? USA mest oppskrytte regissør har heldigvis ikkje fått noko særleg kred for skuffande 3:10 to Yuma.

Ridley Scott ? han får ikkje æresutdeling slik Scorcese fekk i fjor, og det er jaggu meg bra, for American Gangster er ein tre timer lang reklamefilm for regissør og skodespelarar, og har skuffande lite med kunst å gjere.

 

Best actor

George Clooney, Michael Clayton
Daniel Day-Lewis, There Will Be Blood
Johnny Depp, Sweeney Todd
Tommy Lee Jones, In the Valley of Elah
Viggo Mortensen, Eastern Promises

 theassasinationofjessejames01

Kven vinn?

Står mellom Day-Lewis, Depp og Lee Jones. Day-Lewis vinn fordi han enkelt og greitt ER filmen han speler, alt anna kjem i skuggen. Lee Jones vinn fordi han speler godt i to filmar i år, og fordi han har venta lenge på prisen. Nei, det blir Lee Jones. Elles gledeleg at Mortensen og Cronenberg blir anerkjent av akademiet, det er ein bragd, og vel fortent.

 

Kven burde vinne?

Brad Pitt ? kvifor han ikkje er nominert, er nesten ei skandale. Men, men, historia vil døme. Matt Damon er også skuffande utelata her, han burde fått ære for rolletolkingane han har levert med Bourne-filmane, dei er nyskapande og kvalitativt meisterlege.

 

Kven er me glad for ikkje er nominert?

Russel Crowe (for American Gangster og 3:10 to Yuma) og Denzel Washington (for American Gangster) er heldigvis ikkje nominert, og takk for det. Dette året er det verkeleg skodespel som står i fokus.

 

 

Best actress

Cate Blanchett, Elizabeth: The Golden Age
Julie Christie, Away from Her
Marion Cotillard, La Vie en Rose
Laura Linney, The Savages
Ellen Page, Juno

 

Kven vinn?

Julie Christie vinn, enkelt. Overraskinga kan vere Linney eller Page, men sannsynlegvis blir det Christie. Cotillard kan komme på oppløpssida.

 

Kven burde vinne?

Linney. Ho er nærme meisterleg i tospann med Seymour Hoffman.

 

Kven er me glad ikkje vinn?

Blanchett ? heldigvis er ho nominert og vinn for Dylan-tolkinga, for i Elisabeth er ho stiv og forutsigbar. Og takk, takk for at dei store namna er droppa til fordel for Linney og Page.

 

 

Best supporting actress

Cate Blanchett, I'm Not There
Ruby Dee, American Gangster
Saoirse Ronan, Atonement
Amy Ryan, Gone Baby Gone
Tilda Swinton, Michael Clayton

 

Kven vinn?

Blanchett. Dette er ikkje ein gong spennande. Eller, det kan komme ei overrasking med Saoirse Ronan.

 blanchettdylan

Kven burde vinne?

Blanchett er grei, ikkje så mykje å seie på det.

 

Kven er me glad ikkje vinn?

Ein skal vere glad for at ingen av rollane her i år er utstillingsroller. Aldersspreiinga er også gledeleg.

 

Best supporting actor

Casey Affleck, The Assassination of Jesse James...
Javier Bardem, No Country for Old Men
Philip Seymour Hoffman, Charlie Wilson's War
Hal Holbrook, Into the Wild
Tom Wilkinson, Michael Clayton

 

Kven vinn?

Bardem. Han skyt hovudet av alle dei andre når ein ser på merksemda han har fått for rolla si. Men det ville ikkje vere noko stor overrasking dersom Hoffman eller Affleck stikk av med prisen. Spesielt Affleck er ein sterk utfordrar, da han har levert to særs gode rolletolkingar i år.

 bardem

Kven burde vinne?

Vel, Bardem burde vel vinne.

 

 

Best foreign language film

Beaufort, Israel
The Counterfeiters, Austria
Katyn, Poland
Mongol, Kazakhstan
12, Russia

 

Kven vinn?

Vanskeleg å seie, men 12 stiller kanskje sterkast. Uansett er me veldig glade for at Noreg ikkje er representert, det ville ha vore for dumt.

 

Best animated feature film

Persepolis
Ratatouille
Surf's Up

 

Kven vinn?

Persepolis vinn så vidt framfor Ratatouille. Ellers så drit Akademiet så sinnsjukt på draget til fordel for storselskapa.

 

Best adapted screenplay

Atonement
Away from Her
The Diving Bell and the Butterfly
No Country for Old Men
There Will Be Blood

 

Kven vinn?

Dette star litt på kven av filmane som vinn dei andre prisane. Held ein knapp på No Country, men det er ingen grunn til å bli overraska dersom Antonement får sin einaste pris her.

 

Best original screenplay

Juno
Lars and the Real Girl
Michael Clayton
Ratatouille
The Savages

 

Kven vinn?

Her står det mellom Juno og Clayton, da dei begge har sjansen på å prisen sin her. Eg held ein knapp på Juno, filmen er overraskande tatt med på mange prisar, og han har eit ungdommeleg snitt som gjer han attraktiv framfor noko baktung MC.

 

Best cinematography

The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford
Atonement
The Diving Bell and the Butterfly
No Country for Old Men
There Will Be Blood

 

Kven vinn?

No Country vinn, det skulle ein tru ville vere eit lett tipp. Men Jesse James fortener prisen så sinnsjukt.

 


Tom underhaldning

Amercian Gangster

Regi: Ridley Scott

 

americangangster

 

American Gangster fortel historia om narkokongen Frank Lucas og hans veg frå botn til toppen og ned att. Filmen skvisar også plass til Richie Roberts, politimannen som greidde å få tak på den heltemodige skurken. Filmen har i det heile plass til ganske så mykje, frå utallige karakterar til tallause sidespor. American Gangster er tre timar der ein ikkje kjeder seg eitt sekund. Men det er tre timar der ein ikkje brukar ein einaste hjernecelle.

 

Ridley Scott har ein CV som er få forunnt. Ved sida av å ha tidlause klassikarar som Blade Runner og Alien på papiret, så stod han også bak massive suksessar som Gladiator og Kingdom of Heaven. Trass dette, så har Scott aldri komme i nærleiken av magien han skapte med Blade Runner. Det er mange år sidan no. American Gangster er Scott sitt forsøk på å lage ein storslått episk historie om det moderne USA, og kanskje også kassere inn ein Oscar. Ein må berre håpe at Oscar-panelet held seg i skjorta, for American Gangster er ingen god film.

 

Norske filmkritikarar har gått amok i sitt hundeband når dei har meldt denne filmen (med eit heiderleg unntak av ei av dei skarpaste: Guri Kulås i Klassekampen). Per Haddal i Aftenposten skreiv sedvanleg langt om kva filmen innehaldt, og kom så med ikkje-argumenterande påstandar om skodespelarar og regissør. Dagbladet var nær ved å utrope verket til å vere meisterleg, sjølvsagt utan å greie å argumentere for det på noko vis. Det mest positive ein kan seie om American Gangster, er at han er ein god actionfilm på sitt beste. Scott har ein slik kontroll over det tekniske, at ein blir nagla til setet, og skodespelarane er så økonomisk plassert i bilda til Scott, at dei aldri rekk å gjere noko feil.

 

Men det går så altfor raskt. Ein kjem aldri inn under huda på nokon av karakterane. Dei blir karikaturar henta frå tidlegare Hollywood-produksjonar. Verst går det ut over Denzel Washington. Han nærast parodierte seg sjølv, med stort hell, i Training Day. Her speler han seg sjølv, og det er kjedeleg å sjå på. Kroppsspråket er uoriginalt, autoriteten hans er ikkje truverdig, og scenene der han skal boble av raseri blir aldri meir enn kontrollert fingerpeking og heving av stemma.

 

Russel Crowe greier å få fram mykje meir med sin karakter. Han har ein kroppsmasse og eit ansikt bak rørslene sine som får ein til å bli nervøs kvar gong han kjem gåande. Dessverre får han, som alle andre menneskelege skapningar i filmen, ikkje noko særleg å spele på. Scenene som kunne ha fortalt oss noko om psykologien og moralen til karakterane, er ikkje til stades. I staden er manuset fylt opp med eit handlingsdriv som riv bort grunnen under filmen. Eit kompleks er at det er Josh Brolin sin rolle som tener mest på dette, da figuren hans er så gjennomsyra vond og heslig, at han i det minste vekker kjensler hos publikum.

 

American Gangster er skuffande. Mest kjem dette til synet i at regissør Scott aldri stolar på tilskodaren sin. Han forklarar for mykje med kamerat sitt, det blir ikkje noko igjen å stusse over. Lucas blir framstilt som ein slags helt i filmen, men i motsetnad til Brian De Palma sitt vågestykke i sin framstilling av Tony Montana i Scarface, så vel Scott å moralisere over Lucas sin bedrift. Nokre fæle foto av overdoseoffer og gråtande barn skal få oss til å skjønne kor amoralsk dopindustrien var og er. Men når ikkje filmen greier å få fram dette gjennom historia si, så blir det dobbelt opp å komme med det så direkte. Sjølvsagt var det Lucas gjort heilt forkasteleg, og dermed enda merkelegare at han vart sluppen fri allereie i 1981 (prøv å sjå rettferda i det når ein samanliknar det med skjebnen til Depp sin karakter i Blow). Men det er ingenting ved filmen får fram dette.

 

Det einaste Ridley Scott gjer her, er å underhalde. Med eit slikt materiale, og med slike skodespelarar, er ikkje det nok.

 

3 av 6


Hjerteskjerande og formfullendt

4 måneder, 3 veker og 2 dager

Regi: Cristian Mungiu

4m?nader

 

4 måneder, 3 veker og 2 dager er årets Gullpalmevinner frå Cannes. Det var ein sensasjon da filmen vann framfor favorittar som No Country For Old Men og andre storproduksjonar. Filmen kosta mindre enn eit gjennomsnittleg norsk prosjekt, og er økonomisk i forma. Men sjeldan har ein så sterk og komplett historie funne vegen til kinolerretet.

 

Romania var på åtti-talet noko av det verste Den kalde krigen og Sovjet greide å framskaffe. 4 måneder, 3 veker og 2 dagar teiknar eit bilde av eit samfunn som for ein generasjon født etter murens fall kanskje framstår som futuristisk. Det er nærast mennesketomt og forlatt, og fiendskapen ligg utanpå alle. I dette Romania var det strengt forbode med abort. Filmen føl to jenter som prøver å få i stand ein ulovleg abort. Det høyrest grusomt ut. Det er verre.

 

Mungiu framstår som ein novelleforfattar som ikkje har eitt overflødig ord i fortellinga si. Frå det første skjelvande bildet av to gullfiskar som stangar i eit firkanta akvarium, til den siste, avsluttande scena som stoppar så brått at ein sitt igjen med pusten i halsen, så har regissøren knapt latt filmen sin skli ut eit sekund. Med to skodespelarar som får fram frykt og byrgskap, vennskap og umenneskeleggjering utan store fakter, greier Mungiu å fortelje ei historie som er så hjartegripande at ho må vere sann.

 

Ein kan godt sjå filmen som eit innlegg i abortdebatten. Det kunne både fastlåste Ap-politikarar og konservative kristen-folk ha godt av. For filmen får fram at heile spørsmålet er særs vanskeleg, og det kan ikkje feiast under teppet med eit strengt lovforbod like lite som blankofullmakt til å ta abort for alle. Men Mungiu har lagd ein film som er så mykje, mykje meir enn berre eit debattinnlegg. Han har laga eit storarta kunstverk.

 

Skildringa av dei to jentene og det dei går gjennom, av samfunnet rundt dei og korleis menneska har blitt forma av det: Det er hjerteskjerande. Ikkje sidan Reqiuem for a Dream har ein sett ein betre årsak til å gå ut av ein kinosal før filmen er ferdig. For kor mykje skal ein utsette seg for i ein kinosal? Mungiu går langt i skildringa si, og akkurat når ein trur han skal stoppe, så lar han kameraet synke nokre centimeter, og viser det ein ikkje verken ønskjer eller har behov for å sjå. Det kjem til å støyte mange. Og bra er det. Ein god provokasjon skal kjennast i magen. Denne filmen sitt meisterstykke, er at sjølv det mest provoserande går hand i hand med det kunstnarlege.

 

Trass det lave budsjettet for filmen, så merker ein ikkje til innsparingar. Filmen sin form er utnytta til det maksimale, og det kjem spesielt fram i nattscena i siste delen av filmen. Her er lyd, klipping, nærbilde og lys satt saman på ein meget effektfull måte. Spenninga bit seg fast i ein, og blir først forløst inne på ein finare restaurant. Men også der kjem nerven opp til overflata igjen, før han blir kutta brutalt over.

 

Det er vanskeleg å finne noko som manglar eller noko som skurrar i 4 måneder, 3 veker og 2 dager. Kanskje er lege-karakteren noko karikert, kanskje er dumskapen til eine hovudpersonen noko overdrive. Men det er småplukk. Dette er tett opp til eit meisterverk.

 

6 av 6

  


Det uskuldige og det brutale

Eastern Promises

 

Regi: David Cronenberg

 

image45
 

Kvar går grensa mellom å underhalde og å ville formidle eit større bodskap? Cronenberg er ein av dei dyktigaste filmskaparane, om ikkje den dyktigaste, som har utforska dette i film etter film. Det har heile tida lege under som ein raud tråd i produksjonen hans, frå dei tidlege splatterhorrorfilmane, til meir modne og kjølige Crash og A History Of Violence. I Eastern Promises fortel han ei kort og konsis historie om ei sjukepleiar som reddar livet til eit barn, berre for å oppdage at den russiske mafiaen vil ta livet av ungen.

 

Handlinga høyres irriterande ordinær og skjematisk ut. Men Cronenberg vrir og vendar det heile om til ein høgst uordinær film. I det ein trur Eastern Promises skal følgje Naomi Watts sin karakter, så sklir fokuset umerkeleg over på Viggo Mortensen sin. Der filmen startar som rein spenning, endar han opp i eit høgt ukonvensjonelt drama om trafficking. Og der ein forventer valdsscener ein kan godte seg med, får ein kameravinklingar som er direkte og realistiske, og som får ein til å skjemst over sitt eige ønske om spenning.

 

Valden i Cronenberg sine filmar har alltid vore interessant nett på grunn av slike vinklingar. A History Of Violence tematiserte det på ein meisterleg måte, men Eastern Promises tek berre delvis opp tråden. Valden her får ikkje noko tematisk å spele på i filmen, og blir slikt sett ståande aleine som noko makabert og uforståeleg. Det kunne ha fungert, men filmen har så mange trådar og så mange sentrale karakterar som byggast ut, at det blir vanskeleg å skjønne kva Cronenberg eigentleg vil med valdsscenene utover det han har gjort før.

 

Filmen startar ut dramatisk, men sklir etter kvart over i eit rolegare tempo. Det er da filmen begynner å bli verkeleg interessant, det er da ein blir overraska og engasjert i historia. Karakterane får vri på seg, og vise nye sider ved seg sjølve. Og plottet har nokre overraskingar som får ein til å måpe. Men alt dette kjem seint, skuffande seint. Som for å rette på dette, har Cronenberg laga ein slutt som vil skuffe dei som har bitt på agnet han la ut i starten.

 

Tematisk tek Cronenberg eit originalt val. Å fortelje om trafficking på ein slik tilslørt og indirekte måte kunne raskt ha tippa over i det spekulative. Det gjer det ikkje her, men samtidig så manglar filmen ein tydelegare vilje frå regissøren sin til å seie noko meir om dette. På eine sida fortel filmen om offera, på den andre sida om dei som står midt oppe i det som moderne slavehandlarar og hardbarka kriminelle. Og i tillegg vel Cronenberg å trekke inn menneska som aldri ser noko til dette, men som berre les om det i medier. Eastern Promises greier ikkje å bære alle desse sidene.

 

Skodespelarlaget er strålande på papiret, men Cronenberg si svake side har heile tida vore skodespelarinstruksjon. Her verker det noko slapt over Mortensen si rolle. Tidvis er han strålande, som når han viser dei meir såre sidane. Men rolla hans er også tidvis parodisk og stiv. Watts er no utan tvil ei av dei modigaste og dyktigaste i sin generasjon, og ho stel faktisk scenen frå meir erfaren Mueller-Stahl. Grunnen kan vere at mafia-menn er portrettert så mange gonger før, og noko av det stive spelet blir utdatert. Watts er herleg fri for overdrevne fakter.

 

Eastern Promises er ein god film, la all tvil ligge! Men Cronenberg tek seg for god tid til å komme dit filmen heile tida er på veg: Kollisjonen mellom det uskuldige og det brutale. Når han først kjem dit, er Eastern Promises strålande.

 

4 av 6

 

 


Poetisk meisterverk om fortaping

The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford

Regi: Andrew Dominik


image44

 
The Assasination of Jesse James er ein moderne klassikar. Filmen har berre vore nokre veker ute på lerretet, men all tvil må legges til side: Andrew Dominik har levert noko som er ytterst sjeldan kost: Eit poetisk verk med menneske fanga i si eiga fortaping.

 

Brad Pitt speler den lovlause legenda Jesse James, mens Casey Affleck speler nemesisen Robert Ford. Begge leverar karrierebeste (ryktene går om at Affleck overgår seg sjølv i snart Noregsklare Gone Baby Gone), og får støtte av eit skodespelarensemble som står grunnstøtt. Sam Rockwell veks seg utover filmen, og får plassen han fortener. Sam Shepard tilfører roleg autoritet i filmens første halvtime.

 

Western-sjangeren har vore urovekkande ordinær dei siste femten åra. No verker det som om det er noko på gang. Denne filmen og Brokeback Mountain trekk linjer tilbake til meisterar som John Ford og Sam Peckinpah. Lengda, bygginga av karakterane, persongalleriet, bildebruken og dobbeltbotnen; alt beveger seg langt forbi rein underhaldning, og over i kunstfeltet. Og i spenningen mellom desse felta, veks det fram moderne meisterverk.

 

The Assassination of Jesse James har merkverdig lite ytre handling. Karakterane snublar rundt i historia. Pitt sin karakter er som eit gjenferd, ein ryttar i svart, som dreg med seg eit svart hol. Innleiinga på filmen greier å etablere hovudkarakteren sin på ein nesten stivbeint, men framleis gripande måte. Pitt gjer, som sagt, ei rolletolking som ein sjeldan ser i film. Han veks fram i filmen med eit nærvær som er skremmande ? eit trekk han berre har fått fram tidlegare gjennom sjarmen sin. Her får han i tillegg god hjelp av eit kamera som brukar Pitt sitt ansikt for alt det er verdt. Augo er eit djup som sug alt til seg.

 

Men der handlinga til tider blir skubba i bakgrunnen til fordel for den psykologiske skildringa, det kjem også scenene som held spenninga i filmen. Og når det handlinga kjem på rett spor igjen, så er det som om skjebnene eksploderar inn i kvarandre. Utfallet er nærast alltid døydeleg. Skotscena der Robert Ford skyt fetteren til Jesse James, er i så måte eit godt eksempel. Valden ligg under og dirrar, og menneska har berre seg sjølv i lagnadsaugeblikket. Store ord ? dei høyrer heime i omtalen av ein slik film.

 

Filmen greier å balansere to hovudpersonar ved sida av kvarandre på ein utmerka måte. James og Ford-brødrane si fortaping er til tider grufull å sjå på. Pitt sin karakter er blitt skildra, men Affleck sin versjon av Ford er nærast like gripande. Dominik vel nøkkelscener for å få fram drivkraft og fortaping hos Ford. I eit tilfelle blir han gjort til narr av både storebror og Jesse James, og forsvinn opp ei trapp, inn i mørke. Det er enkelt, men det er dyktig gjort både av skodespelar og regissør.

 

Dominik vel nokre grep som er altfor sjeldan i Hollywood for tida: Lange tagningar med fleire personar. I The Assassination of Jesse James er samspelet mellom skodespelarane og dialogane mellom karakterane lada med dobbeltbotn og driv. Den nemnte kjøkkenbordscena er vanskeleg å komme utanom. Filmens første del, som skildrar oppladning til eit togran, må òg nemnast. Her går introdusering og filmkunst hand i hand. Og bilda omkring toget som kjem gjennom mørket, er aleine grunn god nok til at Dominik kjem til å bli nominert til Oscar for beste regi.  

 

Alt er ikkje perfekt i filmen. Noko av dialogen blir for overtydeleg, og nokre av scenene står for aleine. Men fordelen er at tempoet blir senka, og filmen får sjansen til å vekse seg inn i ein. Nokre av sekvensane med bevegeleg himmel blir kanskje for overtydeleg som metafor. Men lengda er forsvarleg. The Assassination of Jesse James er eit kunstverk, ikkje ein rein underhaldningsfilm. Der ligg utfordringa, som er lagt på tilskodaren: Kva forventast når ein går inn til ein western med Brad Pitt?

 

Ein får eit meisterverk.

 

6 av 6


Absurd realisme - sjeldan filmkunst frå Sverige

Du levande

Regi: Roy Andersson

image43

 

Roy Andersson er ein filmskapar som får filmkritikarar til å hente fram omgrepet ?kunst?. Med Du levande leverar han ein film med forskjellige tablå framfor å skape ei tradisjonell historie. Det er forteljingar om menn og kvinner, gamle og unge, som livet har tatt kvelartak på.

 

Andersson har valt å bruke studio for innspelinga av Du levande. Det gjer at det blir bygd ein avstand til den realistiske tonen i filmen. Kulisser og realisme høyrer jo ikkje saman på nokon måte, og allereie her opplev ein det absurde i filmen. Karakterane kan snakke til kamera og fortelje om draumar dei har hatt eller draumar som har blitt knust. Skodespelarane er sminka kvitbleike i ansikta, og nokre gonger bryt folk ut i ein song. Og så er det slutten da. Han kjem som ein bombe på høglys dag.

 

Du levande går stillare i dørane enn mange av sine samtidskolleger, men har samtidig eit varmt raseri i seg. Andersson teiknar eit samfunn der menneska ikkje står i sine eigne liv. Dei er framandgjorte skapningar i framandgjort arkitektur. Nokre gonger kan ein skimte naturen og moder jord i filmen, men da er det som om menneska blir fordømd for kva dei har blitt: Det regnar over dei, og sola skin berre forgjeves.

 

Det er ein krass kritikk av kapitalismen i Du levande. Scena der ei krigsgudinne rir ein stakkars gamling mens han fortel om korleis pensjonspengane er gått tapt på grunn av aksjespekulasjon, er fornøyeleg. Slike scener finst det fleire av. Og det slo underteikna gong på gong under visninga: Kor ofte ser ein samfunnskritikk hand i hand med stor kunst på film for tida? Altfor sjeldan, altfor sjeldan. Det gjer at ein kan svelge unna mykje av det Andersson kjem med, lell om det blir noko lettvint enkelte gonger. Historia om psykiateren som gir pasientane sine piller framfor å høyre på dei, har for lengst hamna i klisjèkorga. Nokre gonger kunne ein ønske Andersson var meir nyskapande, original og nøyaktig med sin refs.

 

Som tilskodar blir ein utfordra med Du levande. Andersson lar kamera stå stille, og slik blir kvar scene ein montasje der detaljane fortel like mykje som den konkrete handlinga. Og det er detaljar her ? dei kan rive tak i ein, og få latteren til å sette seg fast i halsen. Plutseleg dukkar det opp eit hakekors, ut av eit vindauge kan ein sjå ei verd som går forbi. Det er vakkert, og det er ettertenksamt.

 

Men i nokre scener vel Andersson å bevege seg med kamera, utan at det gir noko særleg meining. Det blir forstyrrande. Det er ikkje mykje å henge seg opp i, men det er noko med den meisterlege forma og det fullendte her, som gjer at slike små brot stikk seg ut.

 

Det er godt å sjå ein film som Du levande på kino. Opplevinga undervegs får ein til igjen å sjå moglegheitene som framleis ligg i denne kunstarten. Men med det sterke pengepresset som har smitta over på europeisk filmproduksjon, så kan ein spørje seg om slike filmar som dette er framtida eller fortida.

5 av 6


Om meg

Mitt profilbilde

Nick: Dirk Diggler

Fra: Fræna

Kjønn: Gutt

Født: 1981

Mer...

august 2008
ma ti on to fr
        1 2 3
4 5 6
7
8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31